Guǎngzhōu 广州 | |
---|---|
Andre namn | Canton, Kanton
|
Perleelva i Guangzhou. | |
Styresmakter | |
Land Provins |
Folkerepublikken Kina Guangdong |
Geografi | |
Flatevidd | 7 248,86 km² |
Flatevidd - By |
7434,40 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2018) - folketettleik |
14 904 400 1390,1/km² |
Koordinatar | 23°7′44″N 113°15′32″E / 23.12889°N 113.25889°E |
Høgd over havet | 11 m |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Postnummer | 510000 |
Telefon-retningsnummer | 20 |
Bilnummer | A |
Heimeside: http://www.gz.gov.cn/ | |
Nettstad: gz.gov.cn |
Guangzhou er ein av dei viktigaste av storbyane i Kina. Guangzhou er hovudstad i provinsen Guangdong ved kysten mot Sørkinahavet. Provinsen omfattar eigentleg og dei særskilte administrative regionane Hongkong og Macao.
Folketalet innanfor bygrensene var i 2004 omtrent 3 244 000, men heile storbyområdet har 6,66 millionar innbyggarar, noko som gjer det til det tredje folkerikaste i Kina.
Den økonomiske veksten i byen og i heile området på båe sider av munningen til Perleelva heilt ned til Hongkong og Macao har vore kraftig. Den økonomiske veksten i byen var til dømes 6,5 % i 2018.[2] Dei største eksportmessene i Kina finn stad i Guangzhou, éi om våren og éi om hausten.