República de Guatemala
(norsk: Guatemala, guatamalansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Guatemala Feliz» | ||||||
Motto | Ukjent | ||||||
![]() | |||||||
Offisielle språk | Spansk | ||||||
Hovudstad | Guatemala by | ||||||
Styresett |
Republikk Bernardo Arévalo | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
108 889 km² (106.) 0,4 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
15 460 732 (70.) 142 /km² (60.) | ||||||
Sjølvstende Frå Spania |
15. september 1821 | ||||||
Nasjonaldag | 15. september | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
126 000 mill. USD (78.) 8 300 USD (121.) | ||||||
Valuta | Quetzal | ||||||
Tidssone | UTC -6 | ||||||
Telefonkode | +502 | ||||||
Toppnivådomene | .gt
|
Republikken Guatemala er eit land i Mellom-Amerika og grensar til Belize, El Salvador, Honduras og Mexico. Landet grensar i tillegg til Stillehavet i vest og det karibiske havet i aust.
Hovudstaden i landet er Guatemala de la Asunción, òg kjent som Guatemala by. Guatemala vart uavhengig frå Spania i 1821, og vart ein del av Mexico. Etter eige sjølvstende vart landet styrt av ei rekkje diktatorar som var støtta økonomisk av United Fruit Company. På 1900-talet var det ein 36 år lang borgarkrig i Guatemala. I etterkant av krigen har Guatemala opplevd økonomisk vekst og politisk stabilitet, og gjennomførte demokratiske val i 2011.