Guernsey | |||
Bailiwick of Guernsey Bailliage de Guernesey | |||
øygruppe | |||
|
|||
Nasjonalsong: God Save the King & Sarnia Cherie | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Del av | British Islands, Kanaløyane, Nord-Europa | ||
Hovudstad | St Peter Port | ||
Areal | 78 km² | ||
Folketal | 63 026 (2016)[1] | ||
Språk | engelsk, fransk, dgèrnésiais | ||
Førsteminister | Lyndon Trott | ||
Tidssone | GMT | ||
Retningsnummer | +44-1481 | ||
Domene | .gg | ||
Guernsey 49°27′00″N 2°35′00″W / 49.45°N 2.5833333333333°W | |||
Kart som viser Guernsey.
| |||
Wikimedia Commons: Bailiwick of Guernsey |
Guernsey (fransk Bailliage de Guernesey) er ei øy i Den engelske kanalen utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Saman med øyane Alderney, Sark, Herm og fleire småøyer utgjer ho den britiske kroneigedomen Bailiwick of Guernsey.[2] Saman med Jersey utgjer desse øyane øygruppa Kanaløyane.
Kroneigedomen utgjer i tillegg til sjølve øya Guernsey òg Alderney, Herm, Jethou, Brecqhou, Burhou, Lihou, Sark og andre småøyar. Sjølv om Storbritannia har ansvaret for å forsvare øyane, er ikkje Bailiwick of Guernsey ein del av Storbritannia, men heller ein eigedom under krona, på same måte som Isle of Man. Guernsey er heller ikkje ein del av Den europeiske unionen. Øya Guernsey er delt inn i 10 sokn.
Namnet, Guernsey, kjem frå normannisk green(s)ey som tyder 'Den grønne øya'.[3]