Gullgubbe

Gullgubbe frå ca. år 700, funnen i Aska i Hagebyhöga i Sverige i 2020.
Gullgubbar frå «Sorte Muld» på Bornholm.
Ein gullgubbe funnen ved Kongsvik i Nordland.

Gullgubbe er ei arkeologisk nemning på miniatyrbilete i tynt gullblekk, somme i sølvblekk, frå jarnalderen. Bileta, som ikkje er større enn ein tommelfinger-negl, er anten prega inn i blekket frå baksida med eit stempel, ofte etterarbeida med ein spiss reiskap, eller berre forma med ein slik reiskap. Som gullgubbar vert òg rekna små figurar klippa ut av gullblekk.

Gullgubbar er berre funne i Noreg, Sverige og Danmark, dei fleste i Danmark. I området Sorte Muld på øya Bornholm har det kome for dagen fleire enn to tusen, og eit hundretals vart funne under utgravingar i Lundeborg på Fyn. I Sverige er eit par hundre gullgubbar funne tett ikring eit stolpehol inne i restane etter ein bygning, tolka som eit heidensk kulthus, i Uppåkra i Skåne. I Noreg er det mellom anna funne gullgubbar i hol etter stolper under mellomalderkyrkja på Mære i Trøndelag, og ein reknar difor med at kyrkja står på staden for ei førkristen bygning som har vore viktig i si tid. Gullgubbar vart òg funne under utgravingar av eit stort vikingtidshus på Borg på Vestvågøya i Lofoten.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne