Gulnebboksehakkar | |
Bilete frå Tendaba, Gambia, oktober 2008 Foto: Steve Garvie
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Gulnebboksehakkar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Buphagidae |
Slekt: | Oksehakkarar Buphagus |
Art: | Gulnebboksehakkar B. africanus |
Vitskapleg namn | |
Buphagus africanus |
Gulnebboksehakkar, Buphagus africanus, er ein sporvefugl i sin eigen familie, Buphagidae[1]. Dei har habitat på savannen i Afrika sør for Sahara frå Senegal austover til Sudan. Det er minst vanleg i det ekstreme aust av utbreiingsområdet, der han overlappar med raudnebboksehakkar, trass i at dei alltid dominerer over den andre arten når dei beitar saman.
Gulnebboksehakkaren er vel 20 cm lang og har brunleg overside og brunt hovud, gulbrun underside og ein bleik gump. Føtene er sterke. Nebba til vaksne fuglar er gule på basen og raud på tuppen, medan ungfuglar har brune nebb.[2] Flyginga er sterk og direkte. Ropa er ein hissig, sprakande krisss, krisss.
Gulnebboksehakkaren et insekt og flått. Både det norske og det vitskaplege namnet skriv seg frå vanen denne arten har til å sitje på store, ville og tamme pattedyr som kyr. Dei plukkar leddyrparasittar. På ein dag kan ein voksen oksehakkar ta meir enn 100 blodsugande hoer av Boophilus decoloratus-flått eller 13 000 larver.
Likevel er den føretrekte føda blod frå vertsdyret, og medan dei kan få blod frå oppsvulma flott, tar dei òg blod direkte frå dyra, og hakkar på sår. Generelt ser det ut til at pattedyr tolererer oksehakkarar.[3]
Gulnebboksehakkaren hekkar i hòl i tre, fora med dyrehår. Dei legg 2-3 egg. Utanfor hekkesesongen er dei ganske sosiale, og beitar i store, støyande flokkar. Ikkje-hekkande fuglar vil kvile på vertsdyra sine om natta.