Gump

Ytre anatomi for ein fugl med terminologi for kroppsdelar og somme fjørparti

Gump er nemninga på eit kroppsparti like ovanfor halerota hos fuglar. Med gumpen meiner ein oftast oversida, meir presist nemnt overgumpen. Der sit det ein viktig kjertel kalla gumpkjertelen eller halekjertelen. Det tilsvarande partiet på undersida blir kalla undergumpen.

Fargen på gumpen er ein eigenskap som ofte blir brukt av ornitologar til å skilje mellom nærskylde artar, og nokre gonger òg mellom kjønna av same art.

Døme på artsskildringar med omgrepa
  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet j74
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet j244

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne