Gusli | |||
![]() | |||
Klassifisering | klimpreinstrument, slaviske musikkinstrument, baltiske psalter | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 314.122-5 |
Gusli[1] (russisk гусли; ukrainsk гуслі husli) er eit russisk strengeinstrument som svarar til tysk siter og finsk kantele.[2] Gusli blir av og til spelt med plekter som ein held i høgrehanda, men blir spelt utan plekter i den «folkelege» tradisjonen. Venstrehanda dempar dei strengane som ikkje skal lyda og plukkar på einskilde strengar når høgrehanda ikkje rekk til. Høgrehanda slår på strengane, eller plukkar på einskilde strengar for å spela melodien. Guslien er det eldste kjende russiske strengeinstrumentet.