Gyldendalprisen

Gyldendalprisen er ein litterær pris som vert delt ut av Gyldendal Norsk Forlag. Ifølge statutta skal prisen delast ut til ein forfattar med eit særleg viktig skjønnlitterært forfattarskap. Utdelinga skal gjerast uavhengig av kva forlag forfattaren er tilknytt. Prisen er på 400 000 kroner.

Prisen er ei vidareføring av Gyldendals legat.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne