H to He, Who Am the Only One Studioalbum av Van der Graaf Generator | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1970 | |
Innspelt | Juni–November 1970 | |
Studio | Trident i London i England | |
Sjanger | Progressiv rock[1][2] | |
Lengd | 47:15 | |
Selskap | Charisma (UK) Dunhill (US) | |
Produsent | John Anthony | |
Van der Graaf Generator-kronologi | ||
---|---|---|
The Least We Can Do Is Wave to Each Other (1970) |
H to He, Who Am the Only One | Pawn Hearts (1971)
|
H to He, Who Am the Only One er det tredje studioalbum det engelske progressive rockebandet Van der Graaf Generator. Det kom ut i 1970 på Charisma Records.
Bandet spelte inn albumet i fleire periodar i midten av 1970 i Trident Studios med produsenten John Anthony. Songane nemner ein drapshai i «Killer», tapt kjærleik på «Lost» og science fiction-materiale på «Pioneers Over c». Bassisten Nic Potter slutta i gruppa i august, halvvegs gjennom innspelinga, medan organisten Hugh Banton tok over på bassgitar i studio og spelte basspedalar på konsertane. Robert Fripp frå King Crimson var gjesteartist på gitar, og plateomslaget var det første av fleire for bandet laga av Paul Whitehead.
Albumet gjekk ikkje inn på albumlista i Storbritannia, og det fekk middels omtale då det kom ut, men har sidan blitt trekt fram som eit godt progrockalbum av kritikarane. «Killer» har vore ein fanfavoritt gjennom åra.[3]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet am
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet allmusic