Hadselbrua

Hadselbrua

Hadselbrua sett frå Børøya, juli 2006
Typevegbru, Fritt frambyggbru
StadVesterålen
Opna1. juli 1978
StrekningFylkesveg 82
Lengd1 011 meter
Fri høgd30 m
Største spenn150 m
KryssarLangøysundet
Materialespennarmert betong
Kart
Hadselbrua
68°34′29″N 14°59′51″E / 68.57472222°N 14.9975°E / 68.57472222; 14.9975

Hadselbrua er ei spennbetongbru (bygd etter fritt frambygg-metoden) som går over Langøysundet mellom Langøya og Børøya i Nordland. Ho er ein del av riksveg 82. Saman med Børøybrua knyter ho Hadseløya til Langøya. Brua er 1011 meter lang, lengste spenn er 150 meter, og seglingshøgda er 30 meter. Brua har 27 spenn. På begge sider av brua går vegen på lange fyllingar inn til øyane.

Hadselbrua vart opna 1. juli 1978, og er ei av Vesterålsbruene. Desse vart oppførte på 1970-talet som ein del av eit interkommunalt samarbeid mellom kommunar i Vesterålen og Statens Vegvesen, og gav kommunane ferjefritt vegsamband. Vesterålsbruene vart til største delen finansiert gjennom bompengar.

Hadselbrua og dei andre Vesterålsbruene vart prosjektert av firmaet Aas-Jakobsen AS i Oslo.

Dei andre Vesterålsbruene er Sortlandsbrua, Kvalsaukan bru og Andøybrua. Hadselbrua var den siste som vart ferdig av desse.

Hadselbrua avløyste ferjestrekninga mellom Sandnes på Langøya og Stokmarknes.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne