Hakkloa er eit av dei større vatna i Nordmarka ved Oslo. Det er òg det nest djupaste, med største djupn på 56 meter. Vatnet inngår i Nordmarkvassdraget, og får tilførsel gjennom ei kort elv frå Sandungen midt på vestsida av vatnet. Avløpet er i sørenden gjennom Hakkloelva til Bjørnsjøen. Vatnet er noko næringsfattig, og det er då òg mindre fisk, men det er aure, røye, sik og åbor i vatnet.[1]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet OFA