Halabja | |||
kurdisk هەڵەبجە, arabisk حلبجة | |||
by | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Autonom region | Kurdistan[1] | ||
Guvernement | Halabja | ||
Høgd | 721 moh. | ||
Koordinatar | 35°11′11″N 45°58′26″E / 35.18639°N 45.97389°E | ||
Areal | 1 599 km² | ||
Folketal | 117 000 (2013) | ||
Grunnlagd | 1650 | ||
Guvernør | Ali Osman Ali [2] | ||
Halabja 35°11′00″N 45°59′00″E / 35.183333333333°N 45.983333333333°E | |||
Kart som viser Halabja.
| |||
Wikimedia Commons: Halabja |
Halabja (kurdisk Hełebce) er ein by i Irakisk Kurdistan og hovudstaden i Halabja guvernement, kring 240 km nordaust for Bagdad og 15 km frå grensa til Iran.
Byen ligg ved foten av det som ofte vert kalla den større Hewraman-regionen som strekkjer seg over grensa mellom Iran og Irak. Halabja er omgjeve av fjella Hawraman og Shnrwe i nordaust, Balambo i sør og elva Sirwan i vest. Kurdarane i byen snakkar berre soranidialekten av kurdisk, men somme innbyggjarar i dei kringliggjande landsbyane snakkar hewrami-dialekten.
I 1988 under den iransk-irakiske krigen vart byen angripen med kjemiske våpen.[3][4] Åtaket fann stad under Anfal-felttoget der Saddam Hussein slo ned på kurdiske opprør under krigen. I mars 2010 vedtok den irakiske høgsteretten at Halabjamassakren var eit folkemord.[5]