Halden | |||
By | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Østfold | ||
Kommune | Halden | ||
Areal | 14,32 km² | ||
Folketal | 26 126 (2023) | ||
Folketettleik | 1 824 / km² | ||
Innbyggjarnamn | haldensar | ||
Preposisjon | i / på Halden | ||
Ferdselsårer | |||
Halden 59°07′29″N 11°23′15″E / 59.124722222222°N 11.3875°E | |||
Wikimedia Commons: Halden (town) |
Halden er ein by og administrasjonssenteret i Halden kommune i Østfold med 26 126 innbyggjarar per 1. januar 2023. Tettstaden ligg langs Tista frå Iddefjorden til Femsjøen, med bysenteret omkring munningen av Tista.
Bykjernen ligg på begge sider av Tista, som deler byen i nordsida og sørsida. Det er samband mellom bydelane ved bruer. Busetnaden breier seg utover ved munningen av Tista, særleg på nordsida, men snevrar seg vesentleg inn i det tronge dalføret av elva opp til Tistedalen, fire kilometer frå bysenteret.
På sørsida ligg den opphavlege byen, Empirebyen, med til dels gammal og godt bevart busetnad. Her er også hamna, jernbane- og busstasjon, og torget i byen. Nordsida har fleire villastrøk. Gjennom begge bydelane går hovudgata, Storgata, med dei viktigaste bygningane, forretningsstrøk og parken i byen.
Halden har fylkets største skole- og forskningsmiljø med stiftinga Østfoldforskning, Høgskolen i Østfold med mellom anna lærarutdanning, informasjonsteknologi- og språkutdanning, og vidaregåande skolar. Det er ogå eit sjukehus i Halden.
I byen kjem dagsavisa Halden Arbeiderblad.