Halden kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Østfold | ||
Adm.senter | Halden | ||
Areal | 642 km² | ||
• land | 596 km² | ||
• vatn | 46 km² | ||
Folketal | 31 935 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Fredrik Holm (H) | ||
Kommunenr. | 3101 | ||
Halden kommune 59°07′35″N 11°28′58″E / 59.126389°N 11.482778°E | |||
Kart som viser Halden kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Halden | |||
Nettstad: www.halden.kommune.no |
Halden kommune er ein kommune i Østfold fylke, som grensar til Aremark kommune i aust, Rakkestad kommune i nord, Sarpsborg kommune i vest og Sverige i sørvest, sør og søraust. Kommunen har sine nåverande grenser frå 1967, da dei tidlegare kommunane Halden, Idd og Berg blei slått saman og ein gard året etter blei overført frå Skjeberg.
Administrasjonssenteret i kommunen er byen Halden, som ligg langs Tista frå Iddefjorden til Femsjøen, med bysenteret omkring munningen av Tista.
Størstedelen av innbyggarane i Halden bur i den samanhengande bymessige busetnaden omkring bysenteret. Andre tettstader er Isebakke og Sponvika ved munningen av Iddefjorden.