Hamburgar er eit rundt stykke karbonade servert mellom to stykke brød, typisk to delar av eit rundstykke.[1] I tillegg kan han ha ulike typare sausar og tilbehøyr.
Ein kan bruka reint, finhakka steikt eller grilla kjøt til ein hamburgar. Kjøtet består opphavleg av reint, grovkverna storfekjøt, men kan òg bestå av kylling, kalkun, svin, ei blanding av desse, fisk eller ei vegetarisk kjøterstatting. Dette vert forma til flate kaker som vert steikt på grill eller i panne.
Hamburgarbrødet vert skore i to og snittflata vert rista. Den ferdigsteikte hamburgaren vert lagt på hamburgerbrødet og vert toppa med garnityr. Den øvre delen av hamburgarbrødet kan ein servera ved sida av. Ein serverar ofte ein hamburgar med salat, bacon, tomat, sylteagurk og ulike dressingar. Dei vanlegaste dressingane er sennep, ketchup, variantar av Thousand Island og majones. Hamburgarar vert elles ofte servert med pommes frites. Hamburgar laga med osteskiver vert kalla cheeseburgar.
Ein slider er ein liten hamburgar, vanlegvis ikkje meir enn 7,6 cm i diameter, beståande av to stykke brød med eit stykke steikt eller grilla kjøt mellom. Nokre gonger vert det brukt kylling eller fisk.