Hamish MacCunn | |||
| |||
Fødd | 22. mars 1868 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Greenock | ||
Død | 2. august 1916 (48 år) | ||
Dødsstad | London | ||
Opphav | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Sjanger | opera | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | pianist, komponist, dirigent, musikkforskar, musikkpedagog |
Hamish MacCunn, fødd James MacCunn (22. mars 1868–2. august 1916) var ein skotsk komponist, dirigent og lærar.
Han var ein av dei fyrste elevane ved det nyleg skipa Royal College of Music i London, og gjorde seg tidleg merka. Som komponist fekk han tidleg suksess med orkesterverket The Land of the Mountain and the Flood (1887), og seinare med sin fyrste opera, Jeanie Deans (1894). Seinare verk var ikkje like store suksessar, og sjølv om han heldt fram med å komponera heile livet, blei han best kjend som dirigent og lærar. Han var tilsett som lærar ved Royal Academy of Music og ved Guildhall School of Music.
Som dirigent var MacCunn musikalsk leiar for operakompania Carl Rosa, Moody-Manners og D'Oyly Carte, og samarbeidde med Thomas Beecham under operasesongane hans i London i 1910 og 1915, og på turne.