Hammersborg

Trefoldighetskirken sett frå sør (Åkergata)
Hammarborg omkring 1900 (Trefoldighetskirken er merkt 56)
Hammarborg torg
Foto: Helge Høifødt
Hammarborg torg sett frå Grubbegata
Foto: Siri Johannessen

Hammersborg er eit område på ei høgd i nordenden av Oslo sentrum, som voks fram som ein forstad til Christiania på 1700-talet. Forstaden vart sanert på 1920- og 1930-talet og strøket består no av bustader, kontor, institusjonar og kyrkjer. Nokre av husa frå gamle Hammersborg finst på Norsk Folkemuseum.

Høgda ligg fint til som stad for viktige bygningar, og frå midten av 1800-talet til 1920-åra vart det diskutert å byggja mellom anna rådhuset her. Styresmaktene i byen har på Hammersrborg langt på veg forspilt høvet for å utnytta ei flott høgd. Arkitekten Odd Brochmann skreiv i boka Hus i Oslo (Cappelen 1971): «Hammersborg – ein gong eit markant høgdedrag, rik for geografien i byen – klarer ein på denne tida med nidkjærhet å omgjøre til ein kollisjon av bygningar, terreng, gater og motstridende hensyn».


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne