Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Hannah Arendt (14. oktober 1906–4. desember 1975) var ein tyskfødd amerikansk statsvitar, ofte beskrive som politisk filosof. Ho brukte likevel ikkje nemninga filosof om seg sjølv. Dei best kjende verka til Arendt handlar om å forstå opphavet til totalitarisme; i The Origins of Totalitarianism prøver ho å visa dei felles røtene til nazismen og kommunismen.
Arendt hadde sjølv jødisk bakgrunn og mange av arbeida hennar berører jødiske spørsmål. Arendt inntok mange synspunkt som gjorde henne omstridd i jødiske miljø. Ho var ein tidleg kritikar av Israel og sionismen som ideologi. I den omstridde boka si Eichmann i Jerusalem gav ho jødiske leiarar ein del av skulda for omfanget av jødeforfølgingane, og presenterte teorien sin om vondskapens banalitet.