Hanne Krogh

Hanne Krogh

Fødd24. januar 1956 (69 år)
FødestadOslo
OpphavNoreg
Aktiv1970–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, skodespelar, songtekstforfattar, plateartist
BornSverre Krogh Sundbø, Amalie Krogh Sundbø
PrisarSpellemannprisen i underholdning, Kongens fortenestmedalje i gull

Hanne Krogh Sundbø (fødd 24. januar 1956) er ein norsk songar og tekstforfattar oppvaksen i Haugesund.

Hanne Krogh er ein av dei mestseljande artistane i Noreg gjennom tidene,[1] med over to millionar selte album i heimlandet.[2] Ho spelte hovudrolla som Sonja[3] i ein av dei mest sette norske filmane, Reisen til Julestjernen i 1976.[4] Krogh har vunne fleire spellemannsprisar. I 1985 vann ho og Elisabeth Andreassen songkonkurransen Eurovision Song Contest med songen «La det swinge». Etter dette vart duoen utnemnd til Årets Peer Gynt, som Stortinget gjev til den som har fremja landet internasjonalt i størst grad.

  1. «Krogh til Målselv og Salangen». ht.no (på norsk bokmål). 23. november 2006. Arkivert frå originalen 23. juni 2021. Henta 13. september 2020. 
  2. «De nominerte til Rockheim Hall of Fame 2020 - Rockheim». rockheim.no (på norsk). Henta 13. september 2020. 
  3. Krogh, Hanne; Risan, Knut; Børsum, Bente; Larsen, Ingrid (3. desember 1976). «Reisen til julestjernen». Norsk Film. Henta 13. september 2020. 
  4. «Nypremiere på klassiske «Reisen til julestjernen»». www.rb.no (på norsk). 7. desember 2001. Henta 13. september 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne