Hannover | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Niedersachsen Ingen Hannover |
Geografi | |
Flatevidd - By |
204,01 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2007) - folketettleik - Storbyområde |
522 944 2 563/km² 1 128 543 |
Koordinatar | 52°22′0″N 9°43′0″E / 52.36667°N 9.71667°E |
Høgd over havet | 55 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 30001 - 30669 |
Telefon-retningsnummer | 0511 |
Bilnummer | H |
Heimeside: www.hannover.de |
Hannover er ein by nord i Tyskland ved elva Leine. Han er hovudstaden i den tyske delstaten Niedersachsen, og styrte òg den mindre Hannover-regionen, fram til regionane i Niedersachsen vart oppløyst i 2005. Byen har eit folketal på 523 000 (2007), og er eit stort senter i Nord-Tyskland.
Hannover er ein kjend messeby. Kvar sommar huser han verdas største datamesse, CeBIT, og industrimessa Hannover Messe. I 2000 var Hannover vert for verdsudstillinga Expo 2000. Kvart år vert «Schützenfest Hannover» og Oktoberfest Hannover, som er den største Oktoberfest i verda, halde her.
Hannover har universitet med medisinsk utdanning, ein internasjonal flyplass og ein stor dyrehage (Hannover Zoo).