«Happy» Singel av The Rolling Stones frå albumet Exile on Main St. | ||
B-side |
«All Down the Line» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. juli 1972 | |
Innspelt | 1971 | |
Sjanger | Rock, blues | |
Lengd | 3:05 | |
Selskap | Rolling Stones/Virgin | |
Komponist | Mick Jagger, Keith Richards | |
Tekstforfattar | Mick Jagger, Keith Richards | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
Produsent | Jimmy Miller | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«Tumbling Dice» (1972) |
«Happy» | «Angie» (1973)
|
«Happy» er ein song av the Rolling Stones på albumet Exile on Main St. frå 1972 med Keith Richards på solovokal. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i juli 1972 og nådde 22. plass på singellista i USA.[1]
Songen er tilskriven Jagger/Richards, men er i hovudsak skriven av Richards sommaren 1971 i villa Nellcôte sør i Frankrike. Grunnsporet vart spelt inn i kjellaren på Nellcôte med Richards på bass, gitar og vokal, produsent Jimmy Miller på trommer og saksofonist Bobby Keys på maracas.[2] Nicky Hopkins la seinare på piano, og det same vart seinare gjort med trompeten til Jim Price og Key sin saksofon, gitaren til Mick Taylor og korvokalen til Mick Jagger.[3]
Sidan 1972 har Richards ofte sunge «Happy» på konsertar, og han har vorte ein av «signaturlåtane» hans.[2] Det finst konsertutgåver av songen på Love You Live og Live Licks.