Hard to Say I'm Sorry Singel av Chicago frå albumet Chicago 16 | ||
B-side |
«Sonny Think Twice» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. mai 1982 | |
Innspelt | 1982 | |
Sjanger | Poprock, softrock | |
Lengd | 5:06 (album, med «Get Away») 3:51 (alternativ) 3:40 (singel) | |
Selskap | Full Moon/Warner Bros. | |
Komponist | Peter Cetera, David Foster | |
Låtskrivar(ar) | Peter Cetera og David Foster | |
Produsent | David Foster | |
Chicago-kronologi | ||
«Song for You» (1980) |
Hard to Say I'm Sorry | «Love Me Tomorrow» (1982)
|
«Hard to Say I'm Sorry» er ein song av den amerikanske rockegruppa Chicago. Han vart skriven av bandmedlemmet Peter Cetera og produsenten David Foster, og kom ut den 17. mai 1982 som den første singelen frå albumet Chicago 16. Songen låg to veker på toppen av Billboard Hot 100 i september det året.[1] Det var den første hitten deira på topp 50 i USA etter «No Tell Lover» i 1978.