Hardleik er brukt i materiallæra som eit uttrykk for å skildre korleis eit materiale motstår påverknad frå ytre mekaniske krefter. Dette mellom anna blir styrt av kor sterke bindingane i eit stoff er. Det finst fleire skalaer for å beskrive hardleiken til ulike materiale, mellom anna Mohs hardleiksskala.
Diamant var lenge rekna som det hardaste stoffet i verda, men seinare har nanoteknikarar laga stoff som er enno hardare.[1]