Harry Potter er namnet på helten i ein fantasyserie for barn og unge skriven av den britiske forfattaren Joanne Rowling mellom 1997 og 2007, og blir brukt som namn på heile serien, verda han føregår i og andre produkt knytte til han. Serien skildrar oppveksten og eventyra til den foreldrelause trollmannseleven Harry Potter og venene hans Ronny Wiltersen og Hermine Grang, som alle er elevar ved Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom. Historia handlar hovudsakleg om Harry sitt liv på skulen og hans forsøk på å overvinne den mørke trollmannen fyrst Voldemort, som har som mål å bli udødeleg, erobre trollmannsverda, undertvinge ikkje-magiske folk («gompar») og øydeleggje alle som står i vegen for han.
Serien har sett fleire salsrekordar. I juni 2011 var talet på selde eksemplar av bøker i serien rundt 450 millionar, noko som gjorde han til den mestseljande serien i historia. Dei fire siste bøkene sette kvar rekord som dei raskast selde bøkene i historia. Bøkene er blitt omsett til 67 språk,[1] til norsk av Torstein Bugge Høverstad.[2]
Bokserien blei filmatisert av Warner Bros. delvis parallelt med bokutgjevingane, frå 2001 til 2011. Dei har blitt ein av dei største filmseriane gjennom tidene og Harry Potter merkevare er verdt i overkant av 15 milliardar US-dollar.[3] Det er også laga fleire Harry Potter-spel, utstyr, figurar og attraksjonar.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Translations