Hasselslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Bøkeordenen Fagales |
Familie: | Bjørkefamilien Betulaceae |
Slekt: | Hasselslekta Corylus L., 1753 |
Hasselslekta (Corylus) er ei planteslekt i bjørkefamilien, tidlegare rekna som ein familie, som veks på den nordlege halvkula. Ho inneheld mellom anna den vanlege norske trearten hassel.
Hassel er kjend for nøtter som kan etast. Dei tynne seige kvistane frå trea kan brukast til flettverk og tønnebånd. Veden kan også brukast til trekol, som blir av svært god kvalitet.