Hat Trick Studioalbum av America | ||
Utgjeve | 19. oktober 1973 | |
Innspelt | 29. mai–12. juli 1973 | |
Studio | The Record Plant, Los Angeles | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 41:39 | |
Selskap | Warner Bros. 2728[1] | |
Produsent | Gerry Beckley, Dewey Bunnell, Dan Peek | |
America-kronologi | ||
---|---|---|
Homecoming (1972) |
Hat Trick | Holiday (1974)
|
Singlar frå Hat Trick | ||
|
Hat Trick er det tredje studioalbumet til den amerikanske folkrocktrioen America, utgitt på Warner Bros. Records i 1973.[2] Det nådde 28. plassen på Billboard-albumlista. Det selde ikkje til gullplate, medan dei to første utgivingane deira hadde selt til platinaplate. Albumet produserte singelen «Muskrat Love», som nådde 67. plassen på Billboard-lista og 11. plassen på Adult Contemporary-lista. Songen kom til å bli ein mykje større hit for Captain & Tennille tre år seinare.
America nytta strykearrangement for første gong på eit album, med assistanse frå Jim Ed Norman.[3]