Hauraki Plains

Hauraki Plains
Land  New Zealand
Kart
Hauraki Plains
37°17′S 175°32′E / 37.28°S 175.54°E / -37.28; 175.54
Kart som viser Hauraki Plains.
Kart som viser Hauraki Plains.
Kart som viser Hauraki Plains.
Wikimedia Commons: Hauraki Plains

Hauraki Plains er eit sletteområde nord på NordøyaNew Zealand. Området ligg 75 km søraust for Auckland, ved foten av Coromandelhalvøya, og dekkjer den sørlege delen av ein graben som er avgrensa mot aust av åsane i Kaimai Ranges, og mot vest av eit bakkelandskap som avgrensar Hauraki Plains frå dei mykje større slettene (Waikato Plains) ved Waikatoelva. Administrativt høyrer slettene for det meste til Hauraki District.

Fargebilete teke av NASA sin Terra-satellitt 23. oktober 2002. Hauraki Plains ligg sør for den store bukta Firth of Thames nede til høgre for sentrum.

Dei alluviale slettene er oppbygde av sediment som elvene Piako og Waiho har lagt frå seg. Dei renn nordover, og munnar ut i sjøen i Firth of Thames, og tidlegare i den forhistoriske Waikatoelva. Landskapet som er resultat av dette, er flatt, har mykje torvmyrer og er delvis sumpmark, men byr òg på framifrå jordsmonn for storfe, og mjølkeproduksjon som er hovudindustrien her.

Turismen i Hauraki Plains-området har vakse snøgt dei siste få åra, og bidreg direkte til økonomien i distriktet. I sommarmånadane er sysselsetjinga her høgare enn det nasjonale gjennomsnittet.

Den største byen på slettene er Ngatea, og byen som ligg nærast Ngatea er Turua. Den større byen, Te Aroha, ligg nær den sørlege grensa til slettene, der dei møter Thames Valley.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne