Haydn Bendall

Haydn Bendall
Fødd13. april 1951 (73 år)
FødestadEssex i England
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1970
SjangerPop, rock, dance, jazz, orkestermusikk, filmmusikk
Instrumentpiano
Tilknytte artistarKate Bush, Tina Turner, Pet Shop Boys, Paul McCartney, Camel, XTC, Chris Botti, Katie Melua, Gary Moore, Ryuichi Sakamoto, Marc Almond, Massive Attack, A-ha, David Gilmour
Verka somPlateprodusent, lydteknikar, lydmiksing
PrisarCzłowiek ze Złotym Uchem

Haydn Bendall (fødd 12. april 1951) er ein engelsk plateprodusent, lydteknikar og miksar. Han var sjefsteknikar i Abbey Road Studios i ti år[1] og fekk Audio Pro Industry Excellence Award for beste studioteknikar i 2009.[2]

Bendall samarbeidde tidleg med Tony Clarke på album med Herbie Flowers, BeBop Deluxe, Steve Harley, Alan Parsons, Cliff Richard og Camel,[3] og utvikla eit nært samarbeid med Sky. I 1980- og 1990-åra arbeidde han med Kate Bush på fem album, inkludert Hounds of Love i 1985. I Abbey Road arbeidde han som lydteknikar eller produsent for XTC, Bonnie Tyler, Tina Turner og Massive Attack. Han arbeidde òg på filmmusikk som The Long Good Friday[4] og Ryuichi Sakamoto sin Oscar- og grammyprisvinnande musikk[5] for The Last Emperor.[6]

Etter å ha slutta i Abbey Road i 1991, vart Bendall sjølvstendig produsent og lydteknikar.[7] Han arbeidde då med The Pet Shop Boys, Everything but the Girl, Pat Metheny, Chris Botti, Leona Lewis, The Priests, Mike Batt og Katie Melua.[8][9]

  1. Haydn Bendall Arkivert 2011-04-29 ved Wayback Machine. biography
  2. Audio Pro Award Arkivert 2011-12-16 ved Wayback Machine. announcement
  3. Case Study of Producer / Engineer – Haydn Bendall by Peter H A Jackson, SAE Institute
  4. «Allmusic». Allmusic. Henta 10. november 2019. 
  5. «Abbey Road history». Abbeyroad.com. Arkivert frå originalen 6. oktober 2011. Henta 10. november 2019. 
  6. Last Emperor Soundtrack credits at Discogs
  7. «Alchemea Biography». Alchemea.com. 30. november 2011. Arkivert frå originalen 1. desember 2011. Henta 10. november 2019. 
  8. Mike Batt's Twitter stream
  9. «Allmusic». Allmusic. Henta 10. november 2019. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne