Heart of Gold Singel av Neil Young frå albumet Harvest | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Januar 1972 (USA) | |
Innspelt | 6. til 7. februar 1971 | |
Studio | Quadrafonic Sound i Nashville | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:07 | |
Selskap | Reprise | |
Komponist | Neil Young | |
Tekstforfattar | Neil Young | |
Låtskrivar(ar) | Neil Young | |
Produsent |
| |
Neil Young-kronologi | ||
«When You Dance I Can Really Love» (1971) |
Heart of Gold | «Old Man» (1972)
|
«Heart of Gold» er ein song av Neil Young, gjeven ut på albumet hans Harvest i 1972 og er den einaste førsteplassen Young har oppnådd i USA. Rolling Stone rangerte songen på 297. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[2] Med på songen er James Taylor og Linda Ronstadt på korvokal.
Songen er ein av fleire mjuke, akustiske stykker som delvis vart skriven fordi Young hadde ein ryggskade. Han kunne ikkje stå oppreist lenge om gangen, og kunne ikkje spele den elektriske gitaren sin, så han gjekk attende til den akustiske gitaren sin, som han kunne spele sitjande.[3][4]
Songen vart spelt inn under den første innspelinga for Harvest tidleg i 1971 i Quadrafonic Studios i Nashville i Tennessee. Ronstadt og Taylor var i Nashville på den tida i samband med fjernsynsprogrammet til Johnny Cash, og produsenten for albumet Elliot Mazer ordna det slik at dei kom og song for Young i studio.[5][6]
I want to live,
I want to give
I've been a miner
for a heart of gold.
Opphavleg var det meininga at songen skulle gli over frå «A Man Needs a Maid» og var derfor spelt på piano. Han vart spelt på denne måten under solokonsertane til Young i 1971, men han gjekk bort frå dette arrangementet halvvegs i turneen og starta å spele han på gitar, slik som han no er kjend. Eit døme på det opphavlege arrangementet finn ein på Young sitt Live at Massey Hall 1971.
Young skriv i plateomslaget til samlealbumet Decade: «Denne songen sette meg midt i vegen. Å køyre der vart snart keisamt, så eg sikta mot grøfta. Det var ein meir humpete tur, men eg møtte meir interessante folk der.». Denne utsegna var eit svar på den store populariteten han fekk etter at «Heart of Gold» gjekk til topps.
I 1985 sa Bob Dylan at han hata denne songen, sjølv om han alltid hadde likt Neil Young:[7]
Den einaste gongen det plaga meg at nokon høyrdest ut som meg, var då eg budde i Phoenix, Arizona, kring '72 og den store songen på den tida var «Heart of Gold». Eg brukte å hate den då han kom på radio. Eg hadde alltid likt Neil Young, men det plaga meg kvar gong eg høyrde på «Heart of Gold». Eg trur den låg på topp lenge og eg sa 'Shit, det er meg. Det høyrest ut som meg, så det kunne like gjerne vore meg.'
Songen er spelt av artistar som Tanya Donelly, Matchbox Twenty, Tori Amos, Free Dominguez, Johnny Cash, Willie Nelson, Richard Lloyd, Bettye Lavette, Birds og Batteries, Zakk Wylde (med Black Label Society), Boney M, Carla Cook, Lawrence Gowan, Stereophonics, Rockapella, Roxette, Backburner, Hanah, Ossifar, the James Last Orchestra, Five for Five, Sally Dworsky, Channeling Owen, Stoney LaRue, The Bad Plus, Dave Matthews og Jimmy Buffett (med Coral Reefer Band).
I 2005 vart «Heart of Gold» kåra til den tredje største kanadiske songen gjennom tidene på CBC Radio One.