Heartache Tonight Singel av Eagles frå albumet The Long Run | ||
B-side |
«Teenage Jail» | |
---|---|---|
Utgjeve | 18. september 1979 | |
Sjanger | hardrock, bluesrock | |
Lengd | 4:25 | |
Selskap | Asylum | |
Låtskrivar(ar) | Don Henley, Glenn Frey, Bob Seger og J.D. Souther | |
Produsent | Bill Szymczyk | |
Eagles-kronologi | ||
«Please Come Home for Christmas» (1978) |
Heartache Tonight | «The Long Run» (1979)
|
«Heartache Tonight» er ein song skriven av Don Henley, Glenn Frey, Bob Seger og J.D. Souther, og spelt inn av Eagles. Songen vart spelt inn for albumet The Long Run og gjeven ut som singel i 1979. Han nådde toppen av den amerikanske Billboard Hot 100 i november det året. Han låg berre på toppen av lista i ei veke, men selde 1 million eksemplar. Det var den siste singelen til Eagles som nådde toppen av Hot 100.
Bandet vann Grammyprisen for beste rockesong av duo eller gruppe. Songen oppstod frå ein elektrisk jam mellom Glenn Frey og J.D. Souther, som vitja Frey heime i Los Angeles når han var i byen. Frey og Souther skreiv det første verset medan dei lytta til Sam Cooke-songar. Under jamminga, ringte Frey til Seger og song han verset. Seger song så refrenget attende til dei. I følgje Frey, «J.D. [Souther], Don og eg skreiv songen ferdig. Ingen tunge tekstar - songen er meir ein leik - og det var det som var meininga.»[1] Songen er sidan blitt spelt inn ac countryartisten John Anderson på hyllestalbumet Common Thread: The Songs of the Eagles og av Michael Bublé på albumet Crazy Love.