Hedeby

Den gamle handelsstaden Hedeby ligg like sør for grensa til Danmark mot Tyskland.
Dannevirke var eit dansk forsvarsverk som vart sett i gang på 800-talet og strekte seg frå vestre Jylland til handelssenteret Hedeby.

Hedeby, på tysk Haithabu (historisk form) og Haddeby (moderne tysk), er ein liten stad i Slesvig i Tyskland like sør for grensa til dagens Danmark som er kjend som kaupang, det vil seie ein handelsstad, i vikingtida. Hedeby blir rekna som den første mellomalderbyen i Nord-Europa som tente som knutepunkt for handelen mellom folk frå Skandinavia, Nordsjø-områda og Baltikum.

Hedeby har vore omtalt under mange namn: på norrønt som ‘Haithabu’, hos Snorre Sturlason / Snorre Sturluson (norrønt: Snorri Sturluson) som ‘Heidaby’ (‘Heiðabýr’), på latin som ‘Heidiba’, men òg som ‘Heidiba’, ‘Haddeby’, ‘Sliastorp’, eller ‘Slesvig’. Namnet tyder garden eller landsbyen på heden (lyngmo).

I Hedeby ligg Vikingmuseet i Hedeby (på tysk Wikingermuseum Haithabu) som opna i 1985.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne