Hedmark | |||
tidlegare norsk fylke | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Austlandet | ||
Areal | 27 400 km² | ||
• vatn | 1 156 km² | ||
Folketal | 197 406 (1. januar 2019)[1] | ||
![]() Hedmark fylke 60°50′00″N 11°40′00″E / 60.833333333333°N 11.666666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Hedmark | |||
Nettstad: lwww.hedmark.org |
Hedmark fylke er eit tidlegare fylke i Noreg. Det grensa mot Trøndelag fylke i nord, Oppland fylke i vest og Akershus fylke i sør. I aust grensa Hedmark til Sverige og dei svenske Dalarnas län og Värmlands län. Hedmark vart del av Innlandet fylke 1. januar 2020.
Hedmark fylke vart skilt ut frå Oplandenes amt i 1781 under namnet Hedemarkens amt. Fylket kunne delast opp i distrikta Hedmarken og Solør i tillegg til Østerdalen, Odalen, Vinger og Eidskog. Det hadde to byar: Hamar og Kongsvinger. I tillegg kalla Elverum seg by etter det generelle høvet tettstadar med minst 5000 innbyggjarar og bymessig folkesetnad kan nytta seg av.