Heilage Gallus | |||
![]() | |||
Fødd | 550 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Irland | ||
Daud | 16. oktober 645 | ||
Dødsstad | Arbon | ||
Yrke | misjonær, skribent, komponist | ||
Helgendag | 16. oktober, 16. oktober |
Heilage Gallus, ca. 550-ca. 645, var ein helgen som tok del i utbreiinga av keltisk kristendom på kontinentet. Ifølgje den hagiografiske tradisjonen var han ein av dei tolv følgjesvenene til Columbanus frå Irland. Etter at Gallus og nokre få følgjesveinar oppretta ein eremittbustad i Steinachdalen i dagens Sveits kring 612, oppstod klosteret og den seinare byen St. Gallen.[1]
Han blir etter tradisjonen rekna som irsk, men kan også ha kome frå grenseområdet mellom Lorraine og Alamannia, og møtt Columbanus ved klosteret Luxeuil i Vosges.[1]