Heimevernet | |||
| |||
| |||
Skipa | 6. desember 1946 | ||
---|---|---|---|
Morselskap | Det norske forsvaret | ||
Dotterselskap | Møre og Fjordane Heimevernsdistrikt 11, Heimevernsskulen Dombås | ||
Hovudkontor | Terningmoen | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://www.forsvaret.no/heimevernet (norsk) |
Heimevernet (HV) er ei forsvarsgrein i det norske forsvaret som fungerer som ein hurtigmobiliseringsstyrke. Heimevernet blei oppretta 6. desember 1946 etter erfaringane frå andre verdskrigen. Styrken blei oppretta etter modellen til Heimefronten, med eit stort tal soldatar spreidde over heile landet, soldatar som har utstyret sitt heime. Fram til 2000-talet hadde dei også fungerande våpen og ammunisjon heime, men no har HV-soldatane berre våpen som må «låsast» opp av befal ved oppmøte til teneste.
Soldatmassen i Heimevernet består av soldatar som har avtent 3-6 månaders grunnkurs, eller full fyrstegongsteneste før dei blei overførte til Heimevernet. I tillegg er det mogleg å søkje seg til Heimevernet som frivillig. Tidlegare var styrken på ca. 82 000 soldatar, men etter omorganiseringa av Heimevernet blei dette redusert. HV består i dag av ca. 40 000 soldatar fordelt på 3 styrkar.[1] Desse styrkane er innsats-, forsterkings- og oppfølgingsstyrkar, forkorta I-styrken, F-styrken og O-styrken.
Heimevernet har nær kontakt med det sivile samfunnet. I tillegg til at mannskapet og dei fleste offiserane er sivilistar til dagleg, så er det også ein formell kontakt med det sivile samfunnet ved det at kvart distrikt har eit råd der også sivile organisasjonar er representerte. Dette samarbeidet finst også på landsbasis. Eit anna organ er Heimevernsnemdene, der lokale politikarar saman med politirepresentantar er med på å avgjere kven som er skikka for teneste i Heimevernet.