Hellas deltok i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.[1][2] Den greske rikskringkastaren Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) annonserte 15. januar 2013 at dei hadde inngått ei avtale med den private musikkanalen MAD TV for å arrangere ein nasjonal finale.[3] I tillegg vil MAD TV handtere alle relaterte førebuingar knytte til tevlinga.[3] ERT sa at dei hadde teke dette valet av di dei ikkje hadde sikra seg ei avtala med nokre plateselskap slik som tidlegare år.[3] Bidraget vart valt i den nasjonale finalen, EUROSONG 2013 - a MAD show, 18. februar 2013.