Helle

Freske i Pompeii som viser Helle i sjøen medan broren Frixos flyg vidare på vêren som redda dei.

Hella og Helle er skandinaviske personnamn, stadnamn og slektsnamn. Namnet er særleg brukt som kvinnenamn i Danmark, men er også eit mindre vanleg mannsnamn. Helle har norsk namnedag den 20. november.

Førenamna er avleidd av Helga og Helge, som kjem frå norrønt heilagr, 'heilag'. Helle er også namnet på ei jente i gresk mytologi som havet Hellespont er kalla opp etter.

Helle er utbreidd som stadnamn og slektsnamn i Noreg, då ofte med tydinga 'flatt fjell'. Det blir også skrive Hille og finst i fleire samansetjingar, som Helland, Hellem og Helleberg.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne