Helleristingar eller helleristningar er ei nemning på bilete som er hogd eller slipt inn i stein og fjell.
Arkeologiske helleristingar stammar frå førhistorisk tid, typisk frå tida frå 10 000 fvt til 1000 fvt, men dei kan òg vere mykje yngre. Tidfesting av helleristningar vil ofte vere vanskeleg og omdiskutert. Stader med helleristingar kan dessutan ha vore halde i hevd og nytta i kultisk eller rituell samanheng i lange tider etter at ristingane vart gjort.
Helleristingar er ein type bergkunst. Dei har gjerne motiv som på ymse vis er knytt til fangst, jakt og/eller jordbruk. Motiva kan vere dyrefigurar, ofte hjortedyr, menneskefigurar, stiliserte framstillingar av bronsealder- eller tidleg jarnalderbåtar av typar som det danske myrfunnet av båten frå Hjortspring gjev eit døme på, våpen og anna utstyr, men òg skosoleliknande figurar og ymse geometriske mønstre, og har truleg hatt med kult eller anna rituell praksis å gjere. Ofte vert motiva tolka som uttrykk for magi; mange meiner soleis at ristingar med dyreframstillingar har vore nytta i magiske ritual som skulle tryggje jaktlukka.
Skålgroper (små, gryteforma fordjupingar hogd inn i stein og berg i gamal tid), vert likeeins rekna som helleristingar, og sett i samanheng med offerritual av ulike slag.
Helleristingar finst over heile verda. I Noreg er helleristingar funne over heile landet. Helleristingsområdet i Alta er teke med på UNESCO si verdsarvliste for kulturarv.