Hengselledd eller ginglymus (articulatio ginglymus) er eit ledd der dei motståande leddflatene er forma på ein slik måte at dei berre kan røre seg langs éin akse og i eitt plan.[1][2] Leddflatene er bundne saman av sterke kollateralligament.
Døme på hengselledd er interfalangealledda i hendene og dei i føtene, og leddet mellom overarmsbeinet og olbogebeinet. Kneleddet og ankelleddet er også hengselledd, men til dels avvikande fordi desse kan dreie og flytte seg sidelengs. Kneet er også det største hengselleddet i menneskekroppen.
Hengselledd og glideledd er sylindriske ledd,[3] det vil seie at dei kan røre seg langs ein enkelt akse, og i tillegg dreie rundt han. Hengselledd liknar på sadelledd, men har mindre rørslefridom.[4]
Andre ting som verkar som eit hengselledd er dørhandtak, skapdører og hundeluker.
Spiralledd eller skrueledd er ein type hengselledd der høgda og djupna i dei motståande leddflatene saman former delar av ein spiral.