Henrik Wergeland | |
Pseudonym | Siful Sifadda |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. juni 1808 Kristiansand kommune |
Død |
12. juli 1845 (37 år) |
Yrke | lyrikar, historikar, skribent, teolog, arkivar, journalist, skodespelforfattar |
Medlem av | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Nicolai Wergeland |
Mor | Alette Dorothea Wergeland |
Ektefelle | Amalie Sofie Bekkevold |
Born | Olaf Knudsen |
Henrik Wergeland på Commons |
Henrik Arnold Wergeland (17. juni 1808–12. juli 1845) var ein norsk forfattar og samfunnsdebattant. Som lyrikar har han ein eineståande posisjon i norsk litteraturhistorie, med ein enorm produksjon som spenner frå det kosmologiske diktet Skabelsen, Mennesket og Messias, til dikt for born, som «Jeg aldri mer vil Hunden slaae». Fleire av verka hans kombinerer prosa, lyrikk og dialog. Han skreiv òg ei mengd med brev og embetsskriv, rettsinnlegg, essay, historiske avhandlingar, folkeopplysingsskrift og flygeblad.
Henrik Wergeland verka òg som bibliotekar og redaktør og vart den første riksarkivaren i Noreg. Han ville omsetja dei poetiske ideane sine i praktisk arbeid, og var ein aktivist i ei tid då ein i Noreg enno ikkje hadde funne fram til ein eigen kulturprofil.
Gjennom eiga dikting, ved å ta opp språkspørsmålet, ved å krevje demokratisk utvikling og kulturell frigjering frå København bidrog han mykje til å gjera den unge statsnasjonen til ein kulturnasjon. Wergeland er neppe den mest lesne av dei norske diktarane, men han vart ståande som eit nasjonalt symbol.
«I vårt unge og uferdige samfunn såg han arbeidsoppgåver kvar han sette foten […] Det er vanskeleg å avgjere kva som går djupast hos Wergeland, sosial eller nasjonal interesse. Alle menneske skulle ha fridom. og rett til eit lykkeleg liv. Nasjonane skulle ha det same. Oppgåva var «Massens kultiveren», og i kultur legg han her like mykje hjarte- som åndskultur. Bøndene og arbeidarane skal vere samfunnsmedvetne og åndsinteresserte, samfunnet skal gi vilkår for menneskeverdig liv til alle borgarar.»
Arne Bergsgård i Norsk historie 1814-1880[1]
|