Henry Diltz | |||
| |||
Fødd | 6. september 1938 (86 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kansas City i Missouri | ||
Opphav | USA | ||
Verka som | fotograf | ||
Prisar | Lucie Awards |
Henry Stanford Diltz (fødd 6. september 1938 i Kansas City i Missouri) er ein amerikansk folkemusikar og fotograf, som har vore aktiv sidan 1960-åra.
Blant banda som Diltz har spelt i finn ein Modern Folk Quartet (seinare Quintet). Medan han var medlem av Modern Folk Quartet vart Diltz interessert i fotografi, møtte The Monkees, spelte på somme av innspelingane deira og tok mange bilete av bandet. Han har sidan teke bilete av mange musikarar og bilete for plateomslag. Han var den offisielle fotografen under Woodstockfestivalen, Monterey- og Miamifestivalen, og har fotografert bilete til over 80 plateomslag.
Diltz fotograferte i 1960-åra mange av folkrockstjernene som budde i Laurel Canyon i Los Angeles.[1] På den tida var Laurel Canyon eit senter for amerikansk musikk.[2] Mange gryande stjerner vart trekt mot Laurel Canyon og det tilbakelente nabolaget i Hollywood Hills.[3] «Det var ei kjensle av brorskap i alt dette - i musikkmiljøet i Laurel Canyon. Men alle folka som eg fotograferer: eg elskar musikken deira.»[3]
I 1971 omkom nesten han og låtskrivaren Jimmy Webb i ei glideflyulukke. Webb var pilot medan Diltz filma frå baksetet. Begge fekk store skadar og filmen vart øydelagd.
Diltz medverka med alle fotografia i boka California Rock, California Sound i 1978, som omhandla musikkmiljøet i Los Angeles i 1970-åra.
Diltz har vore med å starte «Morrison Hotel» Galleries i lag med Peter Blachley og Rich Horowitz i SoHo i New York City og i West Hollywood. Galleria spesialiserer seg på musikkfotografi, inkludert hans eigne bilete.