Herbert Morrison | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 14. mai 1905 USA |
Død |
10. januar 1989 (83 år) |
Yrke | journalist, radioprogramleiar, TV-produsent |
Herbert Morrison på Commons |
Herbert Morrison (14. mai 1905–10. januar 1989) var ein amerikansk reporter som er mest kjend for å ha kommentert Hindenburg-ulukka.
Morrisons radioopptak vart ikkje publisert før dagen etter. Delar av dette lydopptaket vart lagt til på eit filmopptak for å formidla hendinga tydelegare og dramatisera ulukka. Sendinga vart seinare ei av dei mest kjende både i medie- og flyhistoria. Det er særleg Morrison sitt utrop «oh, the humanity!» som vart kjent.
Det er likevel usikkert om han sa «oh, the humanity» eller «all the humanity». Morrison hadde tidlegare fleire gonger omtalt menneska på bakken som var i ferd med å få skipa trygt ned, som «mass of humanity». Han brukte difor orda då det vart tydeleg at det brennande vraket ville landa på bakkemannskapa under.