Herdla | |
---|---|
Brua over til Herdla | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Hjeltefjorden |
Koordinatar | 60°34′21″N 04°57′04″E / 60.57250°N 4.95111°E
|
Areal | 1,6 km²
|
Høgaste punkt | Herdlaåsen (46 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | ![]() |
Fylke Kommune |
Vestland Askøy
|
Demografi | |
Folketal | 115 (2023) |
Folketettleik | 72 /km² |
Herdla er ei øy i nordenden av Askøy kommune i Vestland. Den 1,6 km² store øya ligg tre mil frå Kleppestø og Askøybrua.
Herdla er det rikaste fugleområdet i Hordaland med 224 registrerte fugleartar fram til 2003. Det særmerkte og produktive sjø- og våtmarksområdet på Herdla førte til at eit område på 3,1 kvadratkilometer vart sett av som eit freda område i 1985. Området er ein del av det 1,3 kvadratkilometer store naturreservatet som omfattar Herdlevalen og strendene rundt denne. Naturreservatet er med på å gjera Herdla til eit viktig reisemål.