Here Come the Warm Jets Studioalbum av Eno | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Januar 1974[1] | |
Innspelt | september 1973 i Majestic Studios i London | |
Sjanger | Kunstrock, glamrock | |
Lengd | 42:01 | |
Selskap | Island | |
Produsent | Brian Eno | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Eno-kronologi | ||
Here Come the Warm Jets | Taking Tiger Mountain (By Strategy) (1974)
|
Here Come the Warm Jets er debutalbumet til Brian Eno som soloartist. Det var produsert av Eno, og kom ut på Island Records i 1974. Musikkstilen på albumet er ein hybrid av glamrock og kunstrock, liknande musikken på dei tidlegare albuma til Eno med Roxy Music, men med songar som er meir lunefulle og eksperimentelle. Fleire gjesteartistar spelar på albumet, som Robert Fripp frå King Crimson og medlemmar av Roxy Music, Hawkwind, Matching Mole og The Pink Fairies. I utviklinga av teksten og musikken til albumet, nytta Eno uvanlege metodar som å danse for bandmedlemmane sine og få dei til å spele musikk deretter eller synge ord utan meining for seg sjølv som eit danne eit grunnlag for tekstane.
Here Come the Warm Jets nådde 26. plass i Storbritannia og 151. plass i USA, og fekk hovudsakleg god kritikk. Det kom ut på CD i 1990 og igjen i 2004. Kritikar Steve Huey frå Allmusic sa om albumet at «det framleis høyrest spanande ut, framoverretta med mange detaljar, som avslører nye ting kvar gong det vert spelt.»[2]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet christgau