Hilde Heltberg | |||
Fødd | 30. september 1959 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Død | 4. september 2011 (51 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, låtskrivar, plateartist | ||
Prisar | Edvard-prisen i populærmusikk |
Hilde Heltberg (30. september 1959–4. september 2011) var ein norsk songar, musikant og låtskrivar frå Oslo. Ho musiserte i fleire ulike sjangrar innom populærmusikken, så som pop, country og rock.[1]
Heltberg platedebuterte i 1982 og hadde suksess med pop-albumet «Skrinet med det rare i».[1] Året etter kom «På bare bein», eit countryprega album produsert av Jonas Fjeld. Samarbeidet med Jonas Fjeld heldt fram med Når vi deler alt (1984). I 1985 kom Heltberg med «Du, Ikaros» og «Jeg er jeg». Sidan nådde ho i 1997 suksess med «Vinden veit», og i 2005 med «Mitt hjerte er ditt». Frå 2006 var Heltberg med i trioen Queen Bees, saman med Anita Skorgan og Rita Eriksen.[1] Den siste tida turnerte ho både med Henning Kvitnes og med Jonas Fjeld.