Hiphop er ein musikksjanger danna i USA tidleg på 1970-talet. Musikken inneheld ein stilisert rytmikk som ofte er følgd av rap, ei rytmisk og rimande ordkunst. Musikkforma blei utvikla som del av hiphopkulturen, ein subkultur definert av fire hovudelement: MC-ing (rap), DJ-ing (bakgrunnsmusikk gjennom beats og scratching), b-boying (breaking/breakdance) og graffiti. Andre innslag er sampling og beatboxing.
Hiphopmusikk inneheld som oftast assonans, allitterasjon og rim. Rapparen er akkompagnert av eit instrumentalt musikkspor, ofte omtalt som eit beat, framført av ein DJ og skapt av ein musikkprodusent eller ein eller fleire musikarar. Historisk har desse beata ofte blitt skapt ved å sampla annan musikk, ofte funk, jazz og soul. I seinare år har det blitt vanlegare at beatet er bygt opp kring individuelle rytmesample. Som tillegg til beatet nyttar ein ofte annan lyd. Låtar er av og til òg heilt instrumentale, som ein måte til å visa opp dugleik hjå ein DJ eller produsent.