Hjalmar

Hjalmar er eit nordisk mannsnamn med opphav i det norrøne Hjálmarr. Namnet er danna av hjalmr, som betyr 'hjelm', og sisteleddet -ar, som kan koma frå dei urnordiske orda *hariaR, 'krigar', eller *wariaR, 'forsvarar'. Hjalmar har namnedag den 16. januar i Noreg og Sverige og den 20. november i Finland.

«Hjallis» er ei kjæleform av namnet. Kvinnelege former kan vera Hjalma og Hjalmara.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne