Hjort | |
Hjorthann | |
Hjorthoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av hjort | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Hjortedyr Cervidae |
Slekt: | Cervus |
Art: | Hjort C. elaphus |
Vitskapleg namn | |
Cervus elaphus |
Hjorten (Cervus elaphus) er eit stort hjortedyr vanleg i mesteparten av Europa,[1] Kaukasus, Vesle-Asia og Atlasfjella. Han høyrer med mellom dei kommersielt viktigaste ville dyra på landjorda i Noreg; det siste tiåret har det vorte skote over 20 000 dyr i året.[2] Hannen hjå hjort vert kalla bukk eller kronhjort, hoa hind eller kolle og ungane kalvar.