Hjul er ein sirkel- eller sylinderforma konstruksjon som kan rotera på ein aksel. Hjulet vert rekna som ein av dei enkle maskinane i fysikken. Det kan brukast for å gjera om lineær rørsle til rotasjonsrørsle. Eit hjul er bygd opp av tre delar: Nav inst, krans (hjulring, felg) ytst, og eikene eller skive mellom desse.[1]