UFO er eit Uidentifisera Fljugande Objekt. Ordet vart upphavleg nøytt um objekt som enno ikkje var identifisera, men hev i det seinare nær sagt vorte ein samtyding til fartyi åt romvesen.
Dagsens nyfikna etter UFO-ar byrja etter at Kenneth Arnold hevda å ha sét ein «fljugande tallerk» 24. juni 1947 i nærleiken av Mount Rainier i Washington. Sidan dét hev UFO-ane vore ei kjelda til segner, songar, bøker, filmar og dokumentarar i hopetal.
Under ei meiningsmåling i Sambandsstatane i 1996 kom det fram at 71 % av alle amerikanarar trudde at styremaktene deira heldt informasjon um UFO-ar burte frå ålmenta.
I Noreg høyrer me med ujamne millomrom gjetord og segner um at folk sjølve hev sét elder på onnor vis havt med UFO-ar å gjera. Døme på dét er UFO-ringen på Espevær og nattljosi i Hessdalen.