Homecoming av America

Homecoming
Studioalbum av America
Språk engelsk
Utgjeve 15. november 1972
Innspelt 1972
Studio The Record Plant, Los Angeles[1]
Sjanger Folkrock
Lengd 33:06
Selskap Warner Bros.
Produsent America
America-kronologi 
America
(1971)
Homecoming Hat Trick
(1973)


Singlar frå Homecoming
  1. «Ventura Highway»/«Saturn Nights»
    Utgjeve: 19. september 1972
  2. «Don't Cross the River»/«To Each His Own»
    Utgjeve: 3. januar 1973
  3. «Only in Your Heart»/«Moon Song»
    Utgjeve: 14. april 1973

Homecoming er det andre studioalbumet til America, utgjeve 15. november 1972 på Warner Bros. Records. Albumet var akustisk gitar-basert, men samstundes med meir tydeleg elektrisk gitar og klaverinstrument enn på det første albumet deira. Albumet opprettheldt suksessen deira og inkluderte ein av dei mest kjende hittane deira, «Ventura Highway

Homecoming nådde niandeplassen på Billboard Pop Albums-lista og vart sertifisert til platinaplate av RIAA. Albumet produserte tre hitsinglar: «Ventura Highway», som nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 og tredjeplassen på Adult Contemporary-lista; «Don't Cross the River», som nådde 35. plassen på Billboard-lista og 23. plassen på AC-lista; og «Only in Your Heart» som nådde 62. plassen på Billboard Hot 100. Fleire andre songar fekk radiospeling på FM-stasjonar som spelte albumspor, inkludert «To Each His Own», «California Revisited» og «Cornwall Blank».

For dette albumet og dei neste seks gjennom dei neste fem åra valde gruppa tradisjonelt titlar som byrja med bokstaven «H» (det sjølvtitulerte debutalbumet vart uoffisielt inkluderte i denne distinksjonen då fansen byrja å referera til det som «Horse with No Name»-albumet då det sporet vart lagt til seinare utgåver.

  1. «Album Information - Highway: 30 Years of America». 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne